SALG AV FURUVED, BLANDINGSVED
OG BJØRKEVED TIL BY OG LAND

Om oss

Brosvika

Ei tyding av namnet er sjøen som bryt - på grunnene ytst i vika. Og at bros kjem av å bryte som i brotsjø. Brosvik ligg ved utløpet av Sognefjorden på sørsida. Frå Brosviksåta som ligg på utmarka, kan ein sjå oljeplattformene i Nordsjøen og fjella rundt Jostedalsbreen. Staden ligg 10 mil frå Bergen og 10 mil frå Førde. Det har vore busetnad i området sidan jernalderen.

Hovudhuset på bruket er frå før 1850. Og kona på bruket er 6. leddet som driv gardsdrift her. Men ho har fullt arbeid utanfor bruket. Derimot har mannen heile sitt arbeid her.

Brosvika gard.

Kjøtt er hovudproduksjonane på garden. Bruket er eit småbruk slik bruksstrukturen har utvikla seg dei siste åra.

Jakt.

I området er det ein del hjort. Vestlandet har hatt ei veldig auke av dyr dei 10 til 15 siste åra. I kommunen (Gulen) har det vore ei dobling av uttaket frå 1992 til 2002 frå 215 felt dyr til 430. Og i 2013 vart det felt 617 dyr.
Garden har 8 til 10 løyver. Dei fleste av desse vert lagt ut for sal.

Brosvik Brensel

Sidan vi overtok drifta av garden i 1984, har det vore produksjon av ved. Denne har vi seldt mest i Gulen men også til Bergen og litt til nabokommunane i Sogn/Nordhordland. Råstoffet har vi for det meste henta i eigen skog. Og det meste er bjørk. Bjørka er av god kvalitet med høg brennverdi.
Vedproduksjon er eit satsingsområde. Dette vil føre til auka produksjon og ny marknad vert sal mot angroledd, bensinstasjonar o.l.

Vi køyrer ut ved til nabokommunane i Sogn og i Nordhordaland.